lørdag 1. november 2008

God helg

Det er ein roleg laurdagskveld her i garden. Så då kan eg vise dykk kva eg har funne på bruktbutikkane i det siste.

Måtte ein tur til Sørlandsparken i går (måtte ha limpistolar og eit par kilo smeltelim til skulen). Så då tok eg ein liten tur innom Fretex også. To ting fann eg der. Denne teboksa, som nok kan vere ganske gammal. Mazawattee var eit engelsk tefirma som hadde glanstida si for ca 100 år sidan. Dette bildet var ein slags logo.

2008_11010055

2008_11010058

Og så fann eg denne Egersund-skåla. Roser og turkis! Då var eg fornøgd.

2008_11010061

2008_11010064

Denne russiske skåla fann eg for ei stund sidan. Den hadde eit lite hakk, men er fin likevel, og absolutt verdt 40 kr for meg.

2008_11010069

2008_11010065

Eg synest det er spennande med verdsrommet og slikt, så desse samlekorta med måneferdmotiv var artige. Eg må kanskje finne ei litt større ramme til dei, sjølv om denne også har sin sjarm. Den må visst berre reparerast litt.

2008_11010048

Denne boksaer ikkje gamal, (men den er raud med prikkar) Eg synest den passa fint til banda mine.

 2008_11010044

I sollyset i dag gjorde eg ferdig pianoveska til niese Kine.

      2008_11010071 

Ønsker alle ein fin søndag.

4 kommentarer:

  1. ...næmmen ..der var jo den russiske skåla mi...har to på stuehylla jeg..liker dem sååå godt!!! God søndag til deg Solveig!!

    SvarSlett
  2. Så mykje fint du har fått tak i, og den piano-veska var berre heilt nydeleg.

    SvarSlett
  3. Rød med prikker ser kjent ut, og jammen har det ikke havnet bånd og slikt i min også. Kjempeflott pianoveske!

    SvarSlett

Takk for kommentaren, stikk gjerne innom igjen!
Thanks for commenting and welcome back!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails